Høgskulen Landbruk og Bygdeutvikling

(Høgskole)

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling skal verapic10 eit leiande kunnskapsmiljø for livskraftige bygdesamfunn!

Vårt motto er: Kunnskap for utvikling! - kunnskap som blir produsert og formidla ved HLB skal i størst mogleg grad kunna setjast i aktiv bruk i lokale/regionale utviklingsprosessar.

HLB skal:
- Vere ein aktiv partnar for utvikling av kunnskap, kompetanse og entreprenørskap i Bygde-Noreg
- Tilby undervisning på høgskulenivå innan landbruk og bygdenæringar/bygdeutvikling.
- Driva forsking og utviklingsarbeid som støttar opp om HLB sin visjon
- Vere tilgjengeleg for studentar frå heile landet

Mål
Vi skal vere eit landsdekkande tilbod om utdanning og forsking tilpassa trongen til norske bygdesamfunn og bygdenæringar.

Vi skal vere ein organisasjon som har:
- Høg kompetanse
- Evne og vilje til å tilpasse seg
- Storleik som gir økonomisk berekraft og tryggleik.

Fagretningar
HLB arbeider med følgjande tema:

Landbruk med aktivitet knytt til mellom anna:
1. Innovasjon og entreprenørskap i landbruk og bygdenæringar.
2. Nyskaping: det å kunna bruka eksisterande ressursar på nye måtar
3. Økonomi og driftsleiing
4. Hest og næringsutvikling
5. Det skapande og kreative mennesket.
6. Kulturlandskap/landskapsforvalting.
7. Jordvern
8. Teori-, metode- og strategiutvikling
9. Reiseliv og opplevingsnæringar
10. Oppstart av ny verksemd/entreprenørskap

Mål for miljøet på høgskulen
Miljøet på høgskulen - og grunnlaget for verksemda innafor undervisning, forsking og administrasjon - skal vere prega av:

- Likeverd og samarbeid
- Profesjonalitet og kvalitet
- Kritisk haldning og opne diskusjonar basert på akademisk tradisjon
- Utvikling og kreativitet
- Lojalitet og ansvar
- Nærleik, omsut og varme

Pedagogikken ved skulen er basert på dialog og aktiv deltaking frå studentane. Problembasert undervisning vert brukt når dette er mogleg. Alle skal kunne gi av sine røynsler, skapa ein aktiv erfaringsbasert prosess. Difor er det viktig å nytte gruppearbeid så mykje som råd. Det overordna kunnskapsmålet "utviklingskompetanse" handlar om at studenten skal kunna få auga på eigne evner til å skapa/endra. Undervisninga skal gje viktige verktøy for styrka studenten sin utviklingskompetanse.

Alle må bidra til at det blir eit trygt, varmt og godt miljø, der alle føler seg trygge til å krevje og yte, både fagleg og sosialt. Samspelet mellom miljø og fagleg tyngd er viktig. Faglege krav skal stillast både til førelesarar og studentar.

Ambisjon for høgskulen
HLB skal vera det viktigaste akademiske kunnskapsmiljø for bygdeutvikling i Noreg. HLB skal ha eit fagmiljø av internasjonalt format.

Les mer om Høgskulen Landbruk og Bygdeutvikling

Studiemuligheter hos Høgskulen Landbruk og Bygdeutvikling

Avansert søk

Interessert i denne skolen?

Bildegalleri

Følg skolen, og få oppdateringer om studiemuligheter!

Opprett en brukerkonto og legg til skolen i dine "skoler av interesse", og vi vil sende deg informasjon om aktuelle studiemuligheter.

  • Opprett din personlige brukerprofil
  • Legg til skolen i dine skoleønsker
  • Vi sender deg oppdateringer om studiemuligheter

Fakta om Høgskulen Landbruk og Bygdeutvikling

Annonser:

 
FILM OG TV
 
DESIGN
 
HELSESTUDIER
 
MARKEDSFØRING

HR OG PERSONALLEDELSE
 
TEKNOLOGI / IT
 
HOTELL OG REISELIV

MUSIKK
 
ØKONOMI
 
NETTSTUDIER

SKUESPILL OG SCENEKUNST

LYD
 
INNOVASJON
 
LEDELSE OG ADMINISTRASJON
 
TEKST OG JOURNALISTIKK
 
KOMMUNIKASJON OG PR
 
GENERELL STUDIEKOMPETANSE
 
MERKEVARE OG SALG

MASTER LEDELSE
 
PERSONLIG TRENER / IDRETT
 
GRUNNMEDISIN
 
INTERIØR
 
PROSJEKTLEDELSE
 
SPILL
 
SPESIALEFFEKTER, MAKEUP OG HÅR

Usikker på hva du skal studere?

Suzanne synes det er vanskelig å bestemme seg for hva hun skal studere. Er du også usikker? Kanskje er det ikke så vanskelig som du tror. Ta Høyskolen Kristiania sin interessetest og finn ut hvilke studier som kan passe deg!

Bestill gratis studieveiledning

Er du usikker på hva du vil bli og hvilket studium som passer for deg? Det kan vi i Høyskolen Kristiania hjelpe deg med å finne ut av!

TA TESTEN HER

BESTILL STUDIEVELEDNING