Høgskulen i Volda
Høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar. Studiebygda Volda er kjend for sitt gode studentmiljø.
Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Høgskulen har røter heilt attende til 1861, og har eit breitt utval av studietilbod. Aktiviteten hos oss kan oppsummerast slik:
- Lærarutdanningar og skulefag (ca 2/3)
- Sosialfag og administrasjonsfag (ca 1/4)
- Medie- og kulturfag (ca 10-15 %)
Vi er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.
KOMPETANSE FOR FRAMTIDA
Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Vi gjev fag- og profesjonsutdanningar på bachelor-, master- og Ph.d-nivå for skule og barnehage, velferd, media og kultur.
I tillegg til den viktige regionale rolla, prioriterer HVO følgjande satsingsområde:
- yrkesretta medieutdanning
- nynorsk i utdanning, forsking og formidling
- fleksibel vidareutdanning
FORSKING OG UTVIKLINGSARBEID
Høgskulen i Volda har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet på ein slik måte at det gir utdanningstilboda eit solid fagleg grunnlag. Høgskulen har 220 fagtilsette. Over 50 prosent har doktorgrad eller førstekompetanse. Dei strategiske satsingsområda for FoU er:
- journalistikk
- kulturmøte
- profesjonsforsking
- utdanningsforsking og velferdsforsking
Høgskulen er medeigar i Møreforsking Volda AS, og det er inngått eigen samarbeidsavtale mellom HVO og oppdragsforskingsinstitusjonen.
UTDANNINGSOMRÅDE
- Administrasjon, planlegging og leiing
- Estetiske fag, kunst- og musikkfag
- Helse- og sosialfag
- Historie og religion
- Idrett- og friluftsliv
- Lærarutdanning
- Medie- og journalistfag
- Språk og litteratur
STUDIETILBODA
Høgskulen i Volda tilbyr 18 bachelorprogram, fleire lærarut- danningsprogram, ei rekkje års- studium og vidareutdanningar på heiltid, deltid og nett. Høgskulen er best i landet på gjennomstrøyming, dvs. at studentane gjennomfører studia på normert tid.
I tillegg har høgskulen seks mastergradar: Kulturmøte, Sosial- og helsefag; Meistring og myndiggjering, Nynorsk skriftkultur, Samfunnsplanlegging og leiing, Dokumentar og Journalistikk og Undervisning og læring.
Høgskulen i Volda tilbyr Ph.d innanfor helse og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde.
FLEKSIBLE STUDIEFORMER
Med om lag 1000 nettstudentar er Høgskulen i Volda blant landets største tilbydarar av nettstudium.
Høgskulen arbeider kontinuerleg med å legge til rette for livslang læring med høg fagleg kvalitet og stor fleksibilitet i organisering og gjennomføring. Fleksible studieformer gjer det mogleg å kombinere studium og arbeid eller studium og andre aktivitetar.
INTERNASJONALISERING
Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. Høgskulen i Volda tek kvart år i mot om lag 200 studentar frå heile verda
STUDIEBYGDA VOLDA
Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.
Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, OpenMic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.
Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.
Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.
Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, 0g tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.
I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.
Interessert i denne skolen?
Følg skolen, og få oppdateringer om studiemuligheter!
Opprett en brukerkonto og legg til skolen i dine "skoler av interesse", og vi vil sende deg informasjon om aktuelle studiemuligheter.
- Opprett din personlige brukerprofil
- Legg til skolen i dine skoleønsker
- Vi sender deg oppdateringer om studiemuligheter
Fakta om Høgskulen i Volda
-
Skoletype
-
Fagområder Høgskulen i Volda tilbyr studier innen
-
Steder hvor Høgskulen i Volda har avdelinger
Annonser:
Usikker på hva du skal studere?Å velge studium kan være vanskelig – det vet vi alt om! Derfor har vi i Kristiania laget en enkel og morsom test, som forhåpentligvis kan peke deg i riktig retning. |
Bestill gratis studieveiledningEr du usikker på hva du vil bli og hvilket studium som passer best for deg? Vi i Kristiania hjelper deg gjerne! |
|
TA TESTEN HER |
|
BESTILL STUDIEVELEDNING |
VID
|
Høgskolen i Østfold
|
Kristiania
Helse og psykologi | HR, markedsføring og kommunikasjon | Kunst og design | Teknologi og innovasjon |
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
|
Fagskolen i Viken
|
Høgskolen i Molde
|
MF vitenskapelig høyskole
|
Høgskolen i Innlandet
|
Fagskolen AOF
|
AOF teori til fagprøven
|